 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Fengslande humor
Hilde Røsvik , 24.06.10
Vi kan vente oss mykje fengslande humor av denne gjengen. Emma Louise Farstad og det nye styret i revygruppa er klare til innsats. No kriblar det for å få til ein ny revy på nyåret.
|
|
Lena Sofie Røyseth, Emma Louise Farstad, Jan Einar Røyseth og Kjell Idar Roald gler seg til å ta fatt på ny revy.
|
- Denne gongen har vi fått med oss litt meir erfarne revyfolk i styret, seier ei optimistik Emma Louise Farstad. Dei som er med i det nye styret i tillegg til henne er Lena Sofie Røyseth, Jan Einar Røyseth og Kjell Idar Roald. - Vi håper at vi skal få med oss folk i frå alle øyane i den nye gruppa vi no startar opp, seier Farstad. Revygruppa skal vere ei undergruppe under Valderøy Frilynde ungdomslag. Dei ønskjer å bruke samme instruktøren som for eitt og eit halvt år sidan, Jan Fredrik Grøndahl Henriksen frå Oslo. - Jan Fredrik var utruleg flink og mange av dei som var med sist vil vere med når dei høyrer at han skal vere instruktør i år også, seier ho.Kick off Det nye styret håper på å få til ei kickoff-helg i slutten av august og så er det berre å hoppe i det. Dei ønskjer seg folk frå ungdomsskulealder og oppover til alle dei ulike jobbane som trengst når ein revy skal settast opp. –Det er ikkje berre folk til å spele sjølve revyen vi treng, like viktig er det med folk til å skrive sketsjar, musikarar, dansarar, scenearbeidarar, sminke, lys og lyd. Vi har behov for alle slags folk. Dette blir kjempekjekt og veldig sosialt, sier Farstad. Ho oppfordrar folk som har lyst til å vere med om å ta kontakt. Basen for revygruppa blir på Johansbuda på Valderøya. Skrivehelg I august skal det først og fremst vere ei inspirasjonshelg der idear skal kastast fram og etterkvart bearbeidast. Farstad forsikrar om at verken lokalavisa eller ordføraren skal føle seg trygge. Revyfolket følgjer godt med både i kommunepolitikken og på kva som står i avisa. –Kva tema kan vi vente oss? –Det kan vere alt muleg. Alt i frå internasjonale tema til det ultra lokale. Det kan vere heilt eigenproduserte sketsjar eller gamle sketsjar som får ein ny vri på eit eller anna vis, ler ho. Sjølv har ho ingen skodespelar i magen, men ho er fascinert av sjølve prosessen og blir gjerne med på den administrative delen av revyoppsetninga. –Eg har ikkje noko sterkt behov for å stå på scena, men eg likar veldig godt å arbeide med å utvikle sketsjane, då oppstår det utruleg mykje artig. Og så likar eg å vere med på å få ting til å skje, seier ho med glød. Målet er å få til ei fast revygruppe som kan ha ei oppsetting kvart år eller anna kvart år framover.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|