|
|
|
|
|
Byggetrinn to godt i gang Hilde Røsvik , 24.06.10 Sjølv om det no blir dobbelt så mange plassar i den nye hamna på Sætra er alle plassane kjøpt og nokre står til og med på venteliste. Mudring av botnen og bygging av den tredje brygga står igjen.
–Det har vore veldig god respons på det arbeidet vi har gjort, og det har vore rift om plassane, kan den nye leiaren i Gjøsund småbåtforening, Bjørn Valderhaug, fortelje. No er byggetrinn to godt i gang og det vert arbeidd med å mudre ut botnen langs brua. Brygga som skal leggast ut her skal ha småbåtplassar inn mot brua og plass til litt større båtar på utsida. Brygga skal gå fram til der fiskerikaia ligg i dag. Fordi dei ikkje har full oversikt over botnforholda kan dei ikkje seie noko sikkert om kor lang tid dette mudringsarbeidet vil ta. Driftig gjeng Den nye leiaren har mange godord å seie om Oddvin Gjøsund i Plan- og utviklingskomiteeen (PUK) i småbåtforeininga og alle dei andre som har stått på. –Det har vore god fordeling av arbeidsoppgåvene, og PUK har gjort ein kjempegod jobb, i tillegg til ein enorm dugnadsinnsats av medlemmane. Folk har stilt opp når dei har stått for tur, og det har vore godt planlagde dugnader, seier han. Ein plass kostar rundt 14.000 kroner per meter og ein må vere medlem i småbåtforeininga for å få kjøpe. Leiaren seier at dei har god kontroll på økonomien så langt, sjølv om dei ikkje kan seie 100 prosent kvar dei landar, men han meiner det ser bra ut. Når alt er klart vil det også bli nokre gjesteplassar for besøkande. Det vil dei bruke ein av dei gamle bryggene til. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||