 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Siger i Hydrocup
Randi H. Longva , 10.06.10
13 års fotballgutelaget frå IL Valder gjorde ein super innsats og fekk med seg 1. premie heim frå Hydrocup på Sunndalsøra i helga.
|
|
Glade valdergutar får overrekt det synlege beviset på at dei har tatt førstepremien i Hydrocup på Sunndalsøra. (Foto: Monica Blindheim)
|
–Vi synest jo det var ekstra artig at lille IL Valder klarte å hevde seg mot dei store profilerte klubbane som til dømes Clausenengen, der Ole Gunnar Solskjær ein gong starta si fotballkarriere. Vi reiste eigentleg mest med ein ambisjon om å ha det gøy, fortel lagleiar Monica Blindheim. Trenar Frank Ove Bjørdal, dei 16 valdergutane og fire frå støtteapparatet fekk dagane fylt opp med kampar ettersom dei gjekk vidare i cupen. Planlagte fritidsaktivitetar som kino, svømming og disco fekk dei rett og slett ikkje tid til, men det var ingen sure miner av den grunn. 1. premiepokalen freista meir. Valderlaget starta med å spele uavgjort mot Clausenengen (1-1), etterpå slo dei Freidig (6-0) og Strindheim1 (6-2) . Etter det gjekk laget vidare til semifinale mot Strindheim3, som dei vann 4-2, etter at dei lag under med to mål i pausen. Men etter ein god prat, der trenar Frank Ove Bjørdal planla taktikken mot motstandarane, gjekk Valder sigrande ut av den kampen også. I A-finalen spelte valdergutane mot Othilienborg frå Trondheim, også der gjekk dei av med sigeren. ––Dette er eit kjempelag som klarer å løfte kvarandre opp, seier ein stolt lagleiar, Monica Blindheim. På heimreisa feira dei sigeren på pizzarestaurant med ”spis-så mye-du-vil” og isbuffet. Gode forhold Dagleg leiar i IL Valder, Kåre Sæter er godt nøgd med resultatet. Han kan ikkje hugse at noko Valder-lag har vunne Hydrocup før, men så har ikkje IL Valder heller vore så ofte med på cupen på Sunndalsøra. Det er det tradisjonelt vigringane som har vore. –Eg synest generelt at yngresavdelingane i IL Valder har fått veldig gode resultat siste tida. Dei har tatt nokre steg både når det gjeld prestasjonar og tabellar. Det skyldast nok både betre treningsforhold, i tillegg til mange gode folk, seier Sæter. Stor cup 201 lag, i hovudsak frå Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, var med på Hydrocup. Ivrige gute- og jentespelarar i alderen seks til 16 år fylte dei fleste fotballarenaer i Sunndal gjennom heile helga. Foreldre og leiarar var ivrige tilskodarar og heiagjeng. Neste cup gutane i Valder skal vere med på er Hessacup til hausten. Neste år ventar Norwaycup i Oslo. Det gler dei seg til.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|