 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Eit grabbetak for omsorg
Randi H. Longva, 10.06.10
Måndag la ordføraren bort klubba og sette seg i gravemaskina for å ta det første grabbetaket for Giske omsorgssenter.
|
|
Formannskapet i Giske, rådmann, prosjektleiararar, arkitektar og entreprenørar er med på første grabbetak for eit nytt omsorgssenter. Bak ordførar Knut Støbakk.
|
Ei skuffe med jord og gras vert løfta opp frå bakken. I gravemaskina sit Knut Støbakk. Den symbolske starten på bygginga av Giske omsorgssenter er det ordføraren som får æra av å ta. Han gliser stort, og får applaus frå sidelina idet jobben er gjort. No får dei meir kyndige entreprenørane ta over. Usemje Sjølv om det er politisk semje om at kommunen treng fleire heildøgnsplassar og plassar for rehabilitering, er det mange politikarar som vrir seg i bekymring for korleis kommunen skal klare det økonomisk. Kommunestyret har i fleire år diskutert plassering, antal plassar og korleis ein skal drifte eit nytt omsorgssenter. Fleire politikarar har uttrykt stor uro for om ein klarer å handtere dei årlege driftsutgiftene, utan at det går utover omsorgstilbodet på dei andre øyane. Driftinga av bygget herskar det enno djup usemje om i kommunestyret. Like fullt er det fleirtalet som bestemmer, og fleirtalet har vedteke bygging av nytt omsorgssenter med 30 plassar for heildøgns pleie i tilknyting Valderøy eldresenter. Tidleg 2012 Det har allereie ei tid pågått ei oppgradering av vegen frå kyrkja og bortover mot omsorgssenteret. Bebuarane på Øvstevegen vil enno merke byggjearbeidet, då Rano Anlegg vil ta til på sjølve området direkte knytt til nybygget. –Det vil bli ei omlegging av vegar, vatn og avløp, opplyser Ståle Hovden, leiar for prosjekteringsgruppa. Så snart nye tilkomstvegar er bygd ut og grunnarbeidet er ferdig, vil ein kunne ta til på bygginga av senteret. –I midten av august vil vi truleg kunne ta til på betongarbeidet, opplyser Lars Ove Mork, prosjektleiar for hovudentreprenør M. Kristiseter. Målet er at bygget skal vere tett i byrjinga av neste sommar. Går alt etter planen vil det bli opning tidleg i 2012. Etter det arkitekt Torstein Lervik opplyser er det òg lagt vekt på å lage til uteområdet, og såing og planting vil ta til om våren når bygget er opna. Flyttar bebuarar Det skal òg utførast ei ombygging av det eksisterande eldresenteret, då nokre av dagens funksjonar skal flyttast til nybygget. –Som følgje av det må bebuarane flyttast for ein periode. Alle saman, rundt 10 personar, har fått beskjed, og det vert truleg flytting rundt nyttårstider, opplyser Olav Megrund, prosjektleiar for kommunen. Sidan delar av vegnettet skal omleggjast, vil det naturleg nok bli vanskelegare for bebuarane i området å ferdast for ein periode. Det er heller ikkje å kome vekk frå at det blir ein del plager med støy og støv. Dei ansvarlege for anleggsarbeidet påpeikar at anleggstomta vil til ei kvar tid vere innegjerda, og dei ber innbyggjarane respektere sperringar og skilting.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|