 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Tone-huldra tilbake
Arnfinn Rognmo, 03.06.10
-Her e so vakkert på Giske at eg og Hans Fredrik vurderer å emigrera hit frå Østerdalen. Den ekteskapelege og samstemte duoen Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen var i helga tilbake igjen på Giskespel-plassen saman med ei opplagd lokal korbesetning.
|
|
AMFIKONSERT: Runa Godø Sæther og Giske blandakor gjorde ein framifrå god figur under felleskonserten med Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen i helga. (Foto: Arnfinn Rognmo)
|
Omlag 200 giskingar hadde funne vegen til spelplassen søndag ettermiddag. Dei vart neppe skuffa. Både Tone Hulbækmo og ektemannen hennar, Hans Fredrik Jacobsen er to av Noregs mest fargerike og allsidige folkemusikarar. Dei spelar bokstavleg talt på mange strengar. Paret spreier glede og humør overalt der dei kjem med sine vare tolkningar av tradisjonell norsk folkemusikk, tonar frå renessansen og middelalderen, akkompagnert av verbale publikumsfrierier som får folk til å skratte mellom dei musikalske godbitane.Samklang Paret gjesta Giske i fjor i samband med Giskespelet. Då heldt dei konsert i ei fullsett Giske kyrkje. I helga vart det eit strålande attersyn med viking-øya. Denne gongen var det Runa Godø Sæther og Giske Blandakor som hadde invitert til felleskonsert på historisk grunn. Dei serverte fleire innøvde fellesnummer og både bruremarsjen og bånsullen traff publikum midt i hjartet. På ein rallarlåt om kolkøyraren frå Røros framførte Tone Hulbækmo låta i harmonisk samklang med gutane frå blandakoret med forsterking frå Giske Mannskor. Mangslungen Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen er utan tvil to fargeklattar innan norsk musikkliv der dei fér kring i landet og opptrer med sære instrument som trøorgel, lyre, leggbein av elg og bambus-bass frå Australia. Paret har utan tvil funne ei nisje innan folkemusikk-tradisjonen som dei framfører med liv og lyst og med stor energi. I rolla som huldra frir Tone uhemma til publikum og kan nok skremme både ung og gamal på fyrste benk, medan Hans Fredrik roar det heile ned med sitt lokkande fløytespel i kapp med våryre svarttrostar. Tone har tre Spelemannprisar på hylla, medan Hans Fredrik i 1995 var med og vann Melodi Grand Prix i Dublin saman med dei andre i Secret Garden. På Giske trivst dei to så godt at også dei vurderer emigrasjon frå Tolga i Østerdalen. Noko som sjølvsagt framkalla smigrande latter hjå dei frammøtte. Mannskor Konserten vitna om at Runa Godø Sæther endå ein gong maktar å løfte koret sitt til nye høgder, etter å ha lagt bak seg ei stor og utfordrande oppsetning med Leikaren i fjor. Også Giske mannskor, med eldsjel og nestor Arne Tunheim i spissen, klarer gong på gong å fange sitt publikum med tradisjonelle og kjenslevare tekstar av Arvid Hanssen, Elias Blix og Erik Bye. Mannskoret vert oftast framstilt som sjølve grunnfjellet på Giske. Og om ein ikkje kan skryte av høgda på det same grunnfjellet så kan ein saktens gle seg over breidda?
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|