Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Trappar opp streiken
Randi H. Longva ,  03.06.10

77 personar i Giske er i streik etter at streiken vart trappa opp onsdag. Administrasjon, uteavdeling, barnehagar og SFO er blant dei som er råka.

STREIK: F.v. Randi Sæther, Anne-Karin Engeseth og Trine Naadland er budde på langvarig streik om dei ikkje får gjennom krava sine. Her er dei avbilda saman med dei snart 60 kommunalt tilsette som gjekk ut i streik onsdag. Dei kjem i tillegg til dei 18 personane som vart tekne ut i første runde førre fredag.
Skitne arbeidsplassar og vanskar for foreldre som ikkje får plassert ungane sine i barnehage eller skulefritidsordning er blant konsekvensane når kommunalt tilsette går ut i streik. I går onsdag trappa Fagforbundet opp streiken, og tok ut ytterlegare 59 kommunalt tilsette i Giske, i tillegg til dei 18 personane som har streika sidan fredag 28. mai. Dei som var først ut var i hovudsak tilsette i administrasjonen, uteavdeling og reinhaldarar i rådhuset.
Då Øy-Blikk gjekk i trykken onsdag var over 24.000 av Fagforbundets 305.000 medlemmar i streik. Forbundet organiserer arbeidstakarar i kommunale, fylkeskommunale, private og offentlege verksemder.

Stor streikevilje
Og streikeviljen er på topp får vi opplyst av Trine Naadland, leiar i Fagforbundet Giske. Ho meiner det er mange urettferdige forhold å rydde opp i, og difor all grunn til å leggje ned arbeidet for å prøve å få gjennom krava sine. Likeløn og lik utbetaling av ulempetillegg uansett om ein er fagarbeidar, ufaglært eller høgskuleutdanna er viktige saker. At dei som tener minst også får minst tillegg for helg og kveld er sterkt urettferdig, meiner Naadland.
–Slik det er i dag får den som passar maskinar mykje meir pengar enn den som passar folk, påpeikar Naadland. Det vil ho vekk frå. Ho vil ha ei generell utjamning i forhold til dei som jobbar i stat kontra kommunalt tilsette, der sistnemnde bør behandlast likt lønsmessig med statleg tilsette.

Råkar foreldre
Når snart 80 medlemmar legg ned arbeidet, får det naturleg nok konsekvensar for brukarane av kommunale tenester.
–Skulefritidsordninga vert hardast ramma, så det kan bli vanskeleg for foreldre å få plassert ungane sine, trur Naadland.
–Også barnehagane vert råka av streiken, seier Randi Sæther, tilsett i Vigra barnehage og plasstillitsvalt for dei to kommunale barnehagane Vigra og Giske.
Sæther reagerer for øvrig på at dei ved Vigra barnehage no under streiken driv med omrokkeringar innanfor avdelingane for å lette på personalsituasjonen. Større søsken til dei som er på småbarnsavdelinga vert flytta inn dit.
–Eg føler at det ikkje er heilt rett, uttalar Sæther.
Barnehagane kan rett nok ikkje ta inn fleire ungar enn dei har lov til i forhold til antal vaksne, så dei vert likevel ramma av streiken.

Skitne lokale
Vaktmeistrar og reinhaldarane streikar òg.
–Med tanke på reinhaldet kan det føre til at enkelte plassar må stengast dersom streiken vert langvarig, meiner Naadland.
–Men kva om Giske kommune leiger inn private reinhaldsbyrå til å ta seg av vaskinga?
–Kommunen har ikkje tradisjon for å leige inn private byrå, dei har sine eigne reinhaldarar, og det er i så fall eit tema vi må ta opp til drøfting, svarer leiaren for Fellesforbundet i Giske. Ho understrekar at dei som går på jobb, skal gjere sine vanlege jobbar, og ikkje andres.
–Det er berre fire personar som har lov til å eksempelvis vaske eller operere sentralbordet, og det er ordførar, rådmann og dei to kommunalsjefane, opplyser Naadland.
Stengt er også avfallsplassen på Gjøsund og Giske folkebibliotek.
–For brukarane av biblioteket sin del kan det til dømes skape trøbbel for dei som held på med eksamensoppgåver, sidan dei ikkje får fatt i spesiallitteraturen dei treng.
Etter det Naadland opplyser har dei gitt delvis dispensasjonar til enkelte som er tekne ut i streik. Dei har tatt omsyn til elevar med spesielle behov, tilsette som betaler ut sosialstønad og gitt løyve til å rykkje ut ved eit eventuelt brot i kloakkleidning.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%