Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


- Himla mykje moro
Marte-Kristin Brunvoll,  27.05.10

Mykje planlegging og hardt arbeid ligg bak det flotte nye friidrettsanlegget på Valdervoll, og minst like flott var opninga søndag. Stort oppmøte med energi i mangfald prega stemninga då bana vart erklært opna.

STEMNE: Mange unge tok del i friidrettsarrangementa i helga som vart avslutta med opning og eit stemne for alle deltakarane. Peter Magnus Grytten i tet med stafettpinnen i handa.
Kåre Sæter, dagleg leiar i IL Valder, fortel i velkomstalen om nokre av dei første veteranane i friidrett frå Valderøya. Då måtte dei trene i Ålesund fordi vi ikkje hadde plass her ute, men slik blir det ikkje no lenger.
- Det starta med ein liten idé om ei løype langs fotballbana, før vi endeleg fekk dette til, fortsetter han. Sjølv om det ikkje er ferdig enno, har dei no større moglegheiter for å utvikle friidrettsmiljøet.
- Med det nye anlegget satsar vi på god og lærerik aktivitet og himla mykje moro, smiler Kåre Sæter, før han gir ordet vidare til dei mange andre oppmøtte som ville seie nokre ord. Varaordførar Odd Egil Valderhaug opna det heile offisielt medan Peder Hauge (13) spelte vakkert ”Let it Be” av The Beatles på fiolin.

Nytenkande
Roar Blindheim gratulerte på vegne av hovudstyret i IL Valder ved å overrekkje blomar til Ole Martin Sæter, Kåre Sæter og Sissel Walderhaug, som står bak mykje av det som har blitt gjort for å få dette til.
- Utan desse nytenkande menneska med deira spanande idear, ei inderleg tru, kraft, vilje og mot ville ikkje dette vorte noko av, fortel han.

Motiverer
Etter talane var det klart for første øvinga: stafett. Friidrettsskulane frå kommunane Giske og Ålesund har øvd sidan fredag. Alle var veldig klare for å kome i gong, både spente deltakarar og ivrige tilskodarar.
Emma Austnes (9), Solveig Eline Ervik (11), Julie Johanne Farstad Dahl (9) og Inga Molnes (11) tykkjer det var ekstra artig å delta når det var opninga av noko heilt nytt.
- Vi synes det er kjempegøy å vere her, seier jentene i kor.
- Kvar fredag har vi friidrettstrening, noko som blir endå kjekkare no når vi kan øve her ute, seier Inga Molnes frå Vigra IL. Dei tre andre er frå IL Valder.
Vidare er alle einige i at dei vil halde på med idrett når dei blir eldre óg.
- Eg tykkjer hekkeløp er det mest morosame på treningane, fortel Julie Johanne, medan Solveig aller helst vil halde på med handball.

Stolte foreldre
Frå tribunen er det vill jubel frå ivrige foreldre som heiar og applauderer for dei flotte deltakarne.
- Stemninga her er kjempebra og det ser verkeleg ut som om barna kosar seg, smiler Oline Røsvik Skjong, som var der for å sjå på dottera si Kamilla.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%