Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Nei til homohets
Randi H. Longva ,  27.05.10

Mange av dei homofiendtlege haldningane som har kome fram i facebookgruppa ”Nei til homoeventyr i barnehager” har sjokkert Vegard Hellevik, som sjølv er homofil. Valderøyingen synest det er ekstra ille at fleire av medlemmane i gruppa er frå Giske kommune.

HOMOEVENTYR: Mange av kommentarane som vart skrivne på tavla til Facebook-gruppa ”Nei til homoeventyr i barnehager” var så grove at dei vart fjerna.
Fleire av kommentarane som vart skrivne på tavla til facebookgruppa ”Nei til homoeventyr i barnehager” var av så grov karakter at dei har blitt sletta, og det er ikkje lenger opent for å skrive ting på tavla. Men gruppa får stadig nye medlemmar, og debatten held fram i diskusjonsforumet på sida.

Homoeventyr
Bakgrunnen for opprettinga av facebookgruppa er at regjeringa det siste året har sendt ut undervisingsmateriell til barnehagar der dei åtvarar mot det einsidige kjønnsrollemønsteret i tradisjonelle eventyr. I eit intervju med Vårt land 6. mai uttalar Ole Bredesen Norfjell, ansvarleg redaktør for heftet, at det er viktig å lære barnehagebarn om homofili fordi det er ein del av verda, fleire og fleire barn veks i dag opp med homofile og lesbiske foreldre.
I heftet vert mellom anna biletboka ”Konge og konge” anbefalt til barnehagane. Boka handlar om ein prins som ikkje vil gifte seg med prinsessene som mora presenterer han for, men som i staden blir forelska i og giftar seg med broren til ei av prinsessene.
Facebookgruppa er for personar som vil seie frå om at dei ikkje ønskjer slike homoeventyr i barnehagane, fordi dei ikkje vil at barna skal lærast opp til noko som ut i frå deira syn ikkje er naturleg.

Lite opplyste
Vegard Hellevik, som er oppvaksen på Skjong, har følgt med diskusjonen på facebookgruppa sidan den vart oppretta. Han er skremt over haldningane som har kome fram der. Hellevik la òg merke til at det var mange frå heimstaden Valderøya som hadde meldt seg inn, noko som skuffa han.
Hellevik poengterer at det ikkje handlar om at han absolutt vil at barna skal få høyre homoeventyr. Han er ikkje hundre prosent for det sjølv, og trur ikkje nødvendigvis at alle har bruk for å vite noko om homofili i så tidleg alder.
–Men det som skremmer meg er kor utruleg lite opplyste dei som ytrar seg synest å vere. Eg synest folk må tenkje seg om kva haldningar dei representerer ved å vere med i ei slik gruppe, og kva signal dei sender ut til andre, meiner Hellevik.

Ikkje sex
Sidan mange av kommentarane var så grove at dei vart fjerna, er det vanskeleg å spore tilbake til innhaldet. Men etter det Hellevik kan vise til av kommentarar, er enkelte av desse svært vulgære. Dei latterliggjer og hetsar homofile og homofiles sexliv på ein direkte måte.
–Med ein gong det er tale om homofili, så blir alt gjort så perverst og skittent. Det handlar jo ikkje om homsesex i desse eventyra. Det handlar om det å få lov til å vere seg sjølv og elske dei ein vil, meiner Hellevik.
Hellevik har òg fått vite ved å lese innlegga at han er sjuk, at han har valt det sjølv fordi han er lei keisam sex og at han er homofil fordi han vart utsett for seksuelle overgrep frå andre homofile då han var ung.
–Det er jo heilt sjukt kva haldningar folk har! Eg vaks opp på Skjong i verdas roligaste og friaste nabolag, utan nokon form for overgrep, eller i det heile tatt å vite kva homofili var. Det er ingen måtar eg kunne ha blitt påverka til å bli homofil i oppveksten min, understrekar Hellevik.

I skjul
Hellevik meiner at problemet med slike haldningar er at det får fleire homofile til å leve i skjul. Gjennom ei community-side på internett har han sjølv blitt kjent med personar frå Valderøya som ikkje vågar å stå fram som homofile, fordi dei er livredde for å misse både jobb og vener dersom dei gjer det.
Hellevik turte heller ikkje stå fram som homofil før han flytta vekk, sjølv om han er sikker på at mange visste det likevel. Han kjenner fleire øyingar som har flytta til Oslo og Bergen for å få eit sosialt liv. Sjølv bur han i Oslo, der han har funne seg godt til rette i eit kristent miljø.
–Eg kunne godt tenkje meg å flytte heim igjen, for å vere saman med familie og gamle vener, men med dei haldningane som enno eksisterer heime, så føler eg at eg ikkje har mykje å flytte heim igjen til. Om eg hadde fått meg type og flytta heim, kan eg ikkje sjå for meg at eg ville ha klart å få meg eit sosialt nettverk, uttalar Hellevik.
–Eg håper verkeleg at folk etter kvart vil få meir kunnskap, slik at haldningane til homofili endrar seg, legg han til.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%