 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Varm avskjedsfest
Øyvind Snorre M. Godø, 20.05.10
Ei 14 år lang presteteneste i Giske kommune for Reidar Standal vart avslutta med ein verdig avskjedsfest i Godøyhallen på Kristi himmelfartsdag. Mange varme ord vart sagt om Standal i både jobb og privatliv.
|
|
AVSKJED: Ordførar Knut Støbakk takka for mange gode diskusjonar på rådhuset og godt venskap.
|
Hovudpersonen sjølv var overvelda over alle som møtte opp i hallen. - Det er stort å få oppleve at folket kjem, og eg tenkjer: har eg så mange vener? Det er overveldande, seier Standal smilande. Han og familien flytta til Godøya frå Steinkjer for 14 år sidan. Turid Valderhaug har vore kyrkjeverje i 4 år. Ho tykkjer det var ein litt vemodig dag, men fokuserer mest av alt på at det har vore ei fin tid. - Han er fantastisk. På jobb kjem han alltid plystrande inn og han spreier alltid ei god atmosfære rundt seg. Han er alltid lyttande og klar for å ta ein prat. Han er ein visdomsfull person som staben har blitt veldig glad i, og eg trur vi kan seie at det er ein litt vemodig dag, seier Turid Valderhaug og held fram. - Noko eg hugsar som eit veldig godt minne var 10-kaffien. Veldig ofte sette vi oss ned for å drikke kaffi kl 10. Det var fine stunder. Helsingar Hovudpersonen sjølv oppsummerer tida si som prest i Giske kommune på denne måten. - Det har vore veldig innhaldsrikt og meiningsfullt. Det har vore arbeidskrevjande, men stort sett veldig kjekt, seier Reidar. - Det har vore nokre alvorlege dødsfall som har gått nært innpå meg. Eg som prest stiller sjølvsagt opp. Det å sjå at så mange folk i nærmiljøet rundt også stiller opp er svært verdifullt. Eg har også lyst å framheve at song og musikk står så sterkt her ute og at folk verkeleg stiller opp slik at denne delen kjem godt fram, seier Reidar. Mange flotte helsingar og gåver vart overrekt til Reidar og familien. - Eg føler meg berre meir og meir begava her eg står, sa Reidar til god stemning i salen. Mange av helsingane beskreiv også Reidar sine interesse og gode emne. Ordførar Knut Støbakk beskreiv Reidar og familien som veldig gode vener og inviterte dei like så godt heim til seg sjølv frå talarstolen. Arne Tunheim stod for ein svært innhaldsrik prolog som mellom anna omhandla Reidar sin dugnadsinnsats på Godøyfjellet i form av å rydde og klippe fjellråser. Sjølvsagt var det lagt opp til song og musikk i avskjedsfesten. Kyrkjekoret Laudamus og Giske mannskor framførte flotte songar, Monica Solbjørg og André Sjåvåg hadde ein flott duett, medan Berit Johansen hadde kveldens andakt. Blir buande Reidar Standal har allereie starta i sin nye jobb som sokneprest på Ellingsøya, men han og kona Kjellaug vil enda ha sin bustad på Godøya. Dermed er det fortsatt mogleg for folk å levere motorsagblada sine til sliping, få ein god prat eller nyte flotte fjellturar på Godøyfjellet med fine råser og gode kvileplassar.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|