Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


28 tilsette misser jobben
Randi H. Longva ,  20.05.10

Den tradisjonsrike kjøkkenbedrifta Møre Interiør på Giske er konkurs. Førre onsdag mottok dei tilsette den triste beskjeden om at dei ikkje lenger har ein jobb å gå til.

KONKURS: Dei to tillitsvalte Atle Giske og Idar Folkestad t.h. tykkjer det er frykteleg trist at dei må forlate jobbane sine og dei gode arbeidskollegaene i Møre Interiør.
Sjølv om dei tilsette ved Møre Interiør kjente til at det ikkje gjekk rette vegen med bedrifta, kom det likevel som eit sjokk då dei fekk oppseiingsbreva i hendene.   
–Det er frykteleg trist, seier hovudtillitsvalt Atle Giske til Øy-Blikk.

Nye eigarar
Møre Interiør meldte sjølv oppbod til Sunnmøre tingrett førre onsdag. Konkursen betyr i praksis at det frå onsdag ettermiddag av var full stans i arbeidet og 28 tilsette står no utan jobb.
Det er litt over to år sidan den tradisjonsrike bedrifta på Giske fekk nye eigarar. Med den nye eigarstrukturen har Wenaas Industrier AS 54 prosent av aksjane, Borgund Industri AS seks prosent og giskebrørne Arvid og John Giskeødegård eig dei resterande 40 prosentane.

Gode kollegaer
–Vi visste for så vidt at det gjekk dårleg, men hadde likevel eit håp om at vi skulle klare å ri stormen av, seier Idar Folkestad, som òg er tillitsvalt. Med galgenhumoren godt intakt, skyt han inn: –Det er faktisk den andre konkursen eg er med på i løpet av 1 ½ år, så eg byrjar å bli ein ekspert på feltet.
Folkestad har til saman 11 år bak seg ved Møre Interiør, medan Giske har jobba over seks år ved kjøkken- og baderomsinnreiingsbedrifta.
Både Giske og Folkestad kjem til å sakne det gode arbeidsmiljøet. –Eg synest det er spesielt trist at vi som arbeidskollegaer no vert spreidde for alle vindar, uttalar Giske.

Uvisse
Fredagen etter konkursen var det så godt som ein samla tropp av tidlegare tilsette ved Møre interiør som oppsøkte Nav-kontoret i Giske for å registrere seg som arbeidsledige. Kva som ventar Giske, Folkestad og dei andre tilsette er enno uvisst. Kan hende finn enkelte seg arbeid innan same fagfelt, andre må kanskje belage seg på å ta nye utfordringar.
–Eg har tidlegare jobba i næringsmiddelindustrien, så det kan vere eit alternativ for min del, seier Folkestad.
–Eg har hatt jobb som telefonseljar tidlegare, men det er ikkje noko eg har lyst tilbake til, uttalar Giske.
Begge to er for øvrig innstilte på at dei må vere opne for alle typar jobbar, men sidan dei er etablerte i Giske kommune, håper dei på å kunne få seg arbeid i kommunen eller nærområdet.

Har forståing
Sjølv om det er eit sjokk å få vite at ein brått står utan jobb, kom ikkje beskjeden som lyn frå klar himmel. –Vi har heile tida blitt informerte om den økonomiske situasjonen, poengterer dei to tillitsvalde.
–Bebreider de dei nye eigarane for at bedrifta no er konkurs?

–Nei, det gjer eg ikkje. Hovudårsaka til konkursen er dalande sal, mellom anna på grunn av finanskrisa. Eg ser ikkje at dei kunne ha gjort det annleis, dei har prøvd alt og eg har forståing for at dei legg ned, svarer Giske. Folkestad understrekar at eigarane har spytta inn mange pengar i drifta, noko dei har gjort til trass for at dei har tapt pengar frå dag éin.

–Trur de at det kan bli ny drift i bedrifta?
–Ein kan no håpe. Men då må det skje fort, før forhandlarar og kompetansen forsvinn, meiner Folkestad.

Les meir i papirutgåva av Øy-Blikk torsdag 20. mai.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%