Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Restar etter buplass
Randi H. Longva ,  12.05.10

Det er gjort funn av flint i grunnen under arkeologiske registreringar på Oksneset. Funnet tyder på at det har vore ein busetnad her, kan hende så langt som 8.000 år tilbake i tid.

FUNN: Under arkeologiske registreringar på Oksneset har arkeolog Lars Hovland funne flintavslag i grunnen, nærmare bestemt restar etter produksjon av reiskap. Her er Hovland avbilda i det området der han har funne dei største flintkonsentrasjonane.
I samband med ein ny reguleringplan for bygging av bustader på Oksneset har det blitt utført arkeologiske registreringar i delar av planområdet. Dette har avdekt fleire flintfunn.

Buplass
På oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune har arkeolog Lars Hovland gjort om lag 60 prøvestikk på Oksneset. Det vil seie at han har grave groper på 40 gongar 40 centimeter, tatt ut jordmasse, som han deretter har silt for å finne eventuelt flintavslag. Og flintfunn har han gjort i over halvparten av gropene, enkelte av dei har innehalde ganske store konsentrasjonar.
–Flintavslag er restar etter produksjon av reiskap, og dette er absolutt sikraste indikator på at det har vore ein buplass her tidlegare, forklarer Hovland.

Ved sjøen
Sidan det kun er tale om registreringar, og ikkje omfattande arkeologiske utgravingar, har ikkje arkeologen nok materiale til å stadfeste omfanget av og detaljar om buplassen. Han kan heller ikkje tidfeste når det kan ha budd folk på denne staden, men det kan ha vore så lenge som for 8.000 år sidan.
Hovland fortel at sjøen har gått mykje høgare opp enn det gjer i dag. Truleg har buplassen lege rett ved strandkanten, der dei nyttiggjorde seg av næringsgrunnlaget som sjøen gav dei.
–Dersom det blir gjort utgravingar her, er det gode mulegheiter for å finne til dømes eldstader, som kan nyttast i dateringa. I tillegg kan ein finne ut meir om omfanget og kva slags hus dei hadde, seier arkeologen. Men han understrekar at det er opp til kommunen sjølv å bestemme kor vidt dei vil gjere ytterlegare arkeologiske utgravingar.

Ulike utfall
Planleggjar i Giske kommune, Per Ivar Myklevoll, seier til Øy-Blikk at desse funna kan få ulike utfall for den planlagde bustadbygginga på Oksneset.
–Det kan vere at riksantikvaren meiner funna er så interessante at området må leggjast på vent kva gjeld utbygging, seier Myklevoll. Ei anna mulegheit er at kommunen klipper bort delar av området der det er registrert størst konsentrasjon av spor etter menneskeleg aktivitet, og gjer dette om til eit friområde. Ei tredje mulegheit er at funna vert vurdert som mindre interessante, og kommunen kan halde fram med planen. Myklevoll legg til at dei har halde på med reguleringsplanen i rundt seks år, noko som legg press på at ein snarast må finne ut av kva som bør gjerast.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%