Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ta i eit festivaltak
Randi H. Longva,  12.05.10

For at Sommerfesten nok ein gong skal bli ein stor folkefest som fløymer over av musikk, mat og varme festivalvibbar, treng arrangørane hjelp av deg.

FESTIVAL: Dei er allereie sterkt delaktige i å arrangere Sommerfesten, men dei er på jakt etter fleire frivillige. Foto: Randi H. Longva
”Peace, love and understanding” er mottoet til Sommerfesten, som går av stabelen 30. til 31. juli. Det er eit motto som ikkje kjem av seg sjølv. For at dei mjuke festivalvibbane skal spreie seg over Staurneset, besøkande skal få store musikalske opplevingar og halde seg mette og nøgde heile festivalen gjennom, treng arrangørane mange hjelpande hender.

Stor innsats
Faktisk treng dei mykje hjelp, både før, under og etter festivalen, som i fjor vart besøkt av heile 15.000 menneske. Rundt 200 frittståande frivillige og 200 personar frå lag og organisasjonar var i sving for Sommerfesten.
–Vi veit jo ikkje kor mange som kjem i år, men kjem det like mange, burde vi helst hatt det dobbelte av det vi hadde i fjor, meiner Lars Berg Giskeødegård. Slik kan ein unngå altfor lange økter og harde tak for dei frivillige. Både han og Ante Giskødegård er djupt takksame over innsatsen til dei frivillige i dei åra festivalen har gått av stabelen – utan dei frie og villige vert det ikkje fest.

Seng til overs?
Førebels har alle dei fire idrettslaga sagt dei vil hjelpe til, i tillegg til Giske blandakor og Taretausene. Arrangøren har òg gjort ein avtale med asylmottaket i Ålesund om å stille med arbeidsvillige personar, eksempelvis til rigging. Og frivilligoppgåvene – dei står i kø.
–Vi treng til dømes artistvertar, som kan sørgje for at artistane har det bra gjennom heile opphaldet. Det er ei stor, men også utruleg kjekk, oppgåve, seier Ante Giskeødegård.
Caroline Giske, innkvarteringsansvarleg, skyt inn at dei òg har behov for overnattingsplassar til artistane. Over 200 artistar treng tak over hovudet. Enkelte vil liggje på hotell, men dei fleste av dei treng privat innkvartering, hovudsakleg i Giske kommune.

Behov for alle
Det finst både små og store oppgåver, alt etter kva ein har lyst, krefter og tid til. Frivilligkoordinator Ina Beate Blindheimsvik poengterer at det er behov for alle aldrar og personar.
–Vi vil gjerne ha med oss pensjonistar. Dei har tid til å arbeide, og er difor veldig nyttige, skyt Lars Berg Giskeødegård inn.
Ikkje minst er det behov for praktiske folk, som kan setje opp scener, barar og kioskar. Personar med bil, gjerne større bilar med god plass i, er det stort behov for.

Planar
I fjor vart arrangørane tatt litt på senga i forhold til det overveldande talet besøkande, og i år har dei lagt seg i selen for at arrangementet skal gli endå betre. Dei har vore i kontakt med Nettbuss, som er i ferd med å utarbeide ein kollektivtransportplan for festivalen.
–Vi satsar på å auke busskapasiteten, i tillegg til å setje opp ein skyttelbuss som skal gå berre over Giskebrua. Dette gjer vi for å få endå fleire bilar til å parkere på Valderøy-sida, seier Berg Giskeødegård.
Bjørnar Arne Giske, sikkerheitssjef, skyt inn at ein heller ikkje må gløyme Giske kommunes innsats for å lage til beredskapsplanar. –Vi har heile vegen fått veldig god støtte frå kommunen, seier Giske.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%