Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Heilt propell i Ulsteinvik
Arnfinn Rognmo,  06.05.10

Dei var mest like store i auga som propellane frå granneverksemda Rolls-Royce, dei to giskegutane Markus Giske Skjong og Niklas Giskegjerde, då dei vitja Ulstein-verftet forrige laurdag.

Ikkje kvar dag Markus Giske Skjong og Niklas Giskegjerde kan fortøya slike båtar. (Foto: Arnfinn Rognmo)
Etter at Øy-Blikk for nokre veker sidan skreiv om hobbyen som dei to gutane hadde, fatta presseavdelinga i Ulsteinkonsernet interesse for saka. Ikkje berre er Markus og Niklas glade i Grandiosa, dei resirkulerer pappemballasjen og byggjer dei mest spektakulære skipa, som fer forbi både i Breisundet og utanfor Alaska, av pappen. Over tjue fartøy har dei bygd på garasjeloftet hjå Markus berre i løpet av dei siste månadene. Ikkje éi pizza-øskje er kasta i søpla der i garden det siste halvåret.
        Tonje Ruud, som er presseansvarleg hos Ulstein, tente såpass på historia at ho sporenstreks ringde redaksjonen og sende ein spesialinvitasjon til dei to gutane frå Giske. Niklas og Markus trengde ikkje lang tid før dei bestemde seg for å reise til Ulsteinvik. Vitjinga vart både minnerik og storslagen for dei to unggutane.
–Vi som berre hadde sett skipsbyggjing på TV. Trudde aldri at alt skulle vere så stort, medgir dei to gutane beskjedent og stillfarent når dei får helse på sjølvaste verftsdirektøren, Karstein Sævik. Han tok seg god tid med gutane etter dåpen av det siste byggjeprosjektet deira; ”Normand Ranger”, som skal driftast av Solstad Shipping AS.

Bourbon er tøffast
”Normand Ranger” er eit prosjekt som Ulstein-verftet nærast fekk i fanget etter at Karmsund Marine, som starta byggjinga, gjekk konkurs i fjor. Ankerhandteringsfartøyet er designa av Wärtsilä Ship Design Norway, og er utruleg velutrusta og moderne.
Niklas og Markus synest skipet er ”heilt greit” og Markus kan jamvel konstatere at det er utrusta med ein MOB-båt som faren hans, Torkild Skjong, har teikna. Det er like fullt Bourbon-designet og den særeigne X-BOW´en som er gutedraumen deira. Og når vi kjem inn i den store skipshallen gliser gutane om kapp med sola. Der inne ligg nemleg spesialfartøyet ”Karianne” - med formar som berre er heilt perfekte for to fullbefarne X-BOW-pizza-båtbyggjar-meistrar. Ho mest berre briskar seg for dei storaugde gutane, ”Karianne”, der ho ligg i dokken klar for lakking.

Full omvising
Giske-gutane fekk full omvising på Ulsteinverftet. Dei var med på omvisinga saman med ein lokalhistoriedelegasjon, deltok på sjølve dåpen av skipet, møtte verkelege skipsverftsarbeidarar og fekk jamvel ein runde med kaker og brus i kantina, før det bar laus på heimvegen, med hovudet fullt av inntrykk og ein pose full av Ulstein-effektar.
Skal vi tru gutane har ikkje interessa for båtbyggjing akkurat vorte svekka etter desse opplevingane. Og Ulstein-konsernet har utan tvil fått to nye ambassadørar på Giske som dei kan hende vil møte igjen ein dag – som skipsingeniørar eller mannskap ombord.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%