 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Irene i storform - tok sølv
Randi H. Longva , 06.05.10
Under to år etter at Irene Giskegjerde vart mor, er 24-åringen tilbake i storform. Taekwon-Do-utøvaren frå Giske knuste favoritten og tok sølv i europameisterskapen i Sverige.
|
|
Irene Giskegjerde og Marius Helset Hansen nyt smaken av EM-medaljar. (Foto: privat)
|
Ambisiøs som ho er hadde ho store forhåpningar i førekant av EM. Ho gir alltid jernet for å kome lengst muleg. Men å gjere comeback og få ein plass på landslaget under to år etter ho vart mor, er ein prestasjon i seg sjølv.Storprestasjon Det smakar difor ekstra godt av sølvmedaljen frå europameisterskapen i ITF Taekwon-Do i Skøvde, Sverige, førre helg. –Er det din største idrettsprestasjon? –Ja, eg vil eigentleg seie det, svarer Giskegjerde. Med mange skravlete kjerringar i bakgrunnen sit ho i bussen på veg heim att frå Sverige. Det er nærmast uråd å høyre henne, men gleda over ferske medaljar strøymer gjennom telefonrøret og heim til Giske. I tillegg til individuelt sølv, tok ho òg bronse saman med laget på lagsparring. Av store internasjonale triumfar har ho mellom anna bronse frå VM. EM-sølvet i klassa individuell sparring senior er derimot ikkje berre ein medalje, men eit bevis på at ho er tilbake i storform. Sjølv om ho ikkje har tid til å trene så hardt som før. To-tre treningsøkter dagleg, i tillegg til mental trening, er det ikkje lenger rom for når ein er småbarnsmor og i full jobb. Hakket sterkare Ein siger i seg sjølv er det òg å ha vunne over EM-favoritten Joanna Paprocka frå Polen. –Eg er veldig fornøgd med å ha klart akkurat det, skyt Giskegjerde inn. Etter denne kampen vann ho overlegent over spanske Nora Llinares. I finalen vart derimot Anja Karki frå Finland hakket for sterk. –Det var ikkje snakk om overkøyring, eg gjorde ein bra kamp. Men ho var litt betre, større og sterkare enn meg. Difor stakk ho av med sigeren denne gongen. Det var for øvrig første gong Giskegjerde og den finske utøvaren gjekk mot kvarandre, og det var difor ei utfordring å leggje opp taktikken, sidan ho ikkje kjente til hennar svake og sterke sider. Revansjelysta fungerer nok som ein motiverande faktor fram til neste møte. Kan hende blir det i VM i New Zealand mars 2011?
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|