Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Klare konfirmantar
Marte Kristin Brunvoll,  29.04.10

Konfirmanttida er i gang med bunader, familieselskap og forventningsfulle ungdomar. For desse jentene frå Valderøya er det spanande når alle tinga dei har lært dette året skal nyttast.

KONFIRMANTAR: Henna Kristin Godø og Sylvia Bjørnhaug skal stå konfirmantar til helga. No er det meste klart, berre talane står att.
- Det å konfirmere seg har blitt ein tradisjon, men vi ser jo veldig fram til det, fortel Sylvia Bjørnhaug. Begge jentene skal konfirmerast kyrkjeleg, noko dei har vald sjølv.
- Eg er kristen og ville konfirmere meg i kyrkja, sjølv om eg òg føler det er ei sjølvfølge, seier Henna Kristin Godø. Det er det som er mest vanleg.

Vaksne
Som så mange andre har dei gleda seg lenge til dette, og førebuingar har det vorte ein del av. Dei obligatoriske møta som blir haldne regelmessig for alle konfirmantar gjennom heile året er noko av det dei hugsar best.

- Der lærte vi mykje om blant anna kristendommen og om trua. Det gav oss god innsikt i kva det å konfirmere seg eigentleg handlar om, forklarer Henna Kristin Godø.
For mange trur det berre dreier seg om gåver, pengar og å gjere som alle andre. Slik er det ikkje for desse to.

Gåver og bunad
- Ja, det er ein del som gjer det berre for å få pengar, men eg tykkjer det er ein fin ting å vere ein del av dette. Vi feirar at vi tek eit nytt steg ut i livet med familien vår og vener, seier Henna Kristin Godø.
Men at dei trer ut i vaksenlivet er dei ikkje heilt samde i.
- Eigentleg skulle eg ønskje vi var litt eldre når vi konfirmerte oss, for då ville vi fått meir bruk for alle pengane og følt oss meir vaksne. Eg kjenner meg akkurat like gamal som før, meiner Sylvia Bjørnhaug.
Til trass for dette er det største ønsket likevel å få pengar i gåve. Begge er samde om at det er kjekt å få, slik at ein kan kjøpe seg akkurat det ein vil sjølv.
- Vi har òg fått bunad som vi gler oss til å bruke, smiler Sylvia Bjørnhaug. - Eg trur det er veldig vanleg at mange får det til konfirmasjonen.

Mange fine minne
- Dette er noko vi vil hugse resten av livet, nikkar jentene. Dei har skapt mange fine minne og lært mykje i løpet av året som konfirmant, blant anna på konfirmasjonsleiren til Kjellsund i haust.
- Eg hugsar best då eg velta kanoen vi padla i og ramla i sjøen, seier Henna Kristin Godø, medan dei ser på kvarandre og gliser.
Ikkje mykje førebuingar står att no før dei kan slappe av og lade opp til den store dagen komande søndag, noko begge gler seg veldig til.
- Då gjenstår det vel berre å skrive talar, smiler dei glade konfirmantane.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%