 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Nytt bygg i hamna
Randi H. Longva, 29.04.10
Alnes Prosjekt ANS ønskjer å byggje eit næringsbygg for forsking på fisk og algar. Dei søkjer om å få reise bygget i Alnes hamn, der dei opphavleg planla å også byggje eit kurs- og konferansesenter.
|
|
FISK: Alnes Prosjekt ANS har søkt kommunen om å kjøpe eit næringsareal i hamna på Alnes for å reise eit næringsbygg der ein kan drive med forsking på fisk og algar. Bygget ser du til høgre i hamneområdet. Til venstre næringsbygget til Inno-Fish. (Skisse: Leite & Howden Arkitekt- og Ingeniørkontor AS)
|
–At vi no søkjer om å byggje eit næringsbygg med vekt på forsking på fisk og algar, er for så vidt ikkje noko nytt, fordi det var ein del av det opphavlege prosjektet, opplyser Ole-André Grebstad. Saman med Kjell Audun Hagen driv han selskapet Alnes Prosjekt ANS, som har som føremål å utvikle næringsaktivitet gjennom eigedomsutvikling. Aktuelt Alnes Prosjekt ser på det ledige arealet i hamna som spanande og eit godt utgangspunkt for å utvikle ein base for fiskerirelatert næring. Grebstad viser til at Kystverket, som disponerer hamna i dag, har lagt stor vekt på at det er denne type næring som bør vere her. –Vi ser difor på vårt bygg som uproblematisk, seier Grebstad. Han skyt inn at dei òg har lagt opp til at næringsbygget skal gli inn i den omkringliggande bygningsmassen, som er eldre naust, uteboder og mindre einebustader. Å reise eit bygg for forsking på fisk og algar er noko som er aktuelt med tanke på auka fokus på kvalitet, oppfølging og kontroll av produksjonen i fiskerinæringa, meiner Grebstad. Han viser til Runde miljøsenter, som er i ein mykje større målestokk enn det Alnes Prosjekt har planar om, men som like fullt rettar seg inn mot same fagområde. To prosjekt Næringsbygget dei søkjer om å få byggje i Alnes hamn er eit prosjekt for seg sjølv, og har ikkje nokon direkte samanheng med kurs- og konferansesenteret dei også arbeider med parallelt. Opphavleg søkte dei om å reise senteret i hamna. Dei fekk opsjon på tomt, men kommunen trekte opsjonen, og kom i staden med forslag om at det kunne leggjast på Vindsneset. –Det stiller vi oss førebels avventande til, før vi får framlagt intensjonsavtalen, som vi har bedt kommunen om. Eg trur det vert utfordrande å få til eit kurs- og konferansesenter på Vindsneset, då det ikkje er kommunen som eig arealet her, meiner Grebstad. Saka om intensjonsavtalen vart utsett i næringsutvalsmøtet 19. april, men skal etter planen opp til behandling i løpet av mai.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|