 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Gir liv til skulpturar
Randi H. Longva, 28.01.10
Hjul, kulelager og rørbitar frå Sme-verkstaden på Roald får nytt liv som del av skulptur-installasjonar Verdensteatret stiller ut i Kina.
|
|
Bitar av den bevegelege installasjonen stammar frå den gamle Sme-verkstaden på Roald. Foto: Verdensteatret
|
I staden for at gjenstandane berre samlar støv, har Kristine Roald Sandøy (27) frå Vigra sett verdien i dei og frakta dei med seg til Oslo. Ho er masterstudent på metallstudiet ved kunsthøgskulen, i tillegg til at ho er ein del av kunstgruppa Verdensteatret. Levande skulpturar I mars dreg Roald Sandøy saman med fem andre medlemmar av Verdensteatret for å stille ut i eit galleri i den kinesiske byen Guangzhou utanfor Hong Kong. Separatutstillinga krev litt albogerom, og her får dei boltre seg på totalt 800 kvadratmeter fordelt på to salar. I den eine salen får kinesarane møte ein elektromekanisk installasjon sett saman av bilete, skulpturar, lyd og video, som til saman dannar kunstverket ”Fortellerorkesteret”. Sanserikt Intense sanserike opplevingar er stikkordet for den andre delen av utstillinga òg. –I skulpturen ”Hjultre” går alle hjula rundt, samstundes som kvart hjul får sin lyd og sin videofilm, som vert projisert på hjultreet. I tillegg kjem det lyd frå mange høgtalarar plassert rundt om i rommet, medan spotar og lyskastarar lagar spanande skuggar på veggene, fortel Roald Sandøy. Kvar enkelt detalj har ei viktig rolle som delar av det totale uttrykket. Nytt liv Å bruke gjenstandar frå Sme-verkstaden, som i si tid vart starta opp av morfaren hennar Bjarne og broren hans Petter, er med på å gi nytt liv til det som i dag fortonar seg som metallskrap i ein forfallen verkstad. –For ein verkstad med så lang historie synest eg det ville ha vore trist om alt vart kasta. Det har vore ein draum for meg lenge å få ta noko av det i bruk, fortel kunststudenten. Som for øvrig er den som har hatt ansvaret for å sveise delane i dei nyaste installasjonane saman. Ho gler seg stort til eit fleire vekers opphald i Kina saman med gjengen i Verdensteatret. Etterpå skal den rørlege skulpturkunsten vidare til Tyskland, før den vert utvikla vidare og sett opp på teateret Black Box i Oslo, i tillegg til Bergen og Trondheim. Deretter skal publikum i New York og Canada få bryne seg på kunsten.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|