Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ein historieformidlar med tak i
Randi H. Longva,  21.01.10

Arne Tunheim liker dugnad. Liker å bruke kroppen, kjenne sveitten sile og sjå at det vert resultat av mange hender og hovuds innsats. Ein innsats som er til glede for eit breitt lag av folket både i og utanfor kommunen. Tunheim er Årets eldsjel 2009.

MARITIME: Arne Tunheim liker ikkje tanken på at noko vert kasta. Godøy kystmuseum har i alt 18 båtar lagra i naust og løer på museumsområdet og andre stader i kommunen.
Arne Tunheim veit å bruke evnene sine godt. Men godøyingen veit å hente ut dei ressursane som bur i menneska rundt han òg. Det er knapt noka glede større for Tunheim enn å få sjå resultata ein kan oppnå når mange står på og er i lag om å byggje opp noko. Tunheim har visjonane, han ser mulegheiter der andre ikkje våger seg utpå og han får folk til å tenne på ideane.

Musikkglad
Som 16-åring vart Tunheim dirigent for Godøy skulekorps. Sidan den gong har han sett i gong og leia mange ulike prosjekt. Mange med utgangspunkt i hovudinteressa musikk. Han har starta opp ungdomskor på både Godøya og Giske. Var ein periode dirigent for Giske blandakor. I dag dirigerer han og syng i Giske mannskor.
–Det er terapi! Mannskoret er ein heilt fantastisk gjeng som er veldig inspirerande å vere saman med, seier Tunheim. Han trakterer fleire instrument, men det er mest til heimebruk. Musikkinteressa fekk han inn tidleg då han som liten gut var med faren på øving med Godøy brødrekor. –Dette var før eg kom i stemmeskiftet. Så medan dei andre strekte hals for å kome opp, måtte eg bøye kne for å kome ned på tonane, fortel Tunheim med eit smil.

Identitetsskapar
Giskespelet er også historia om kva som er muleg å få til når fleire jobbar saman for å få til noko stort. Og her har Arne Tunheim ein finger, for ikkje å seie ein heil neve, med i spelet. Det starta som eit skuleprosjekt for 15 år sidan. Med Tunheims hjelp utvikla det seg til eit historisk spel om arnungane, der heile Giskeøya er involvert for å setje opp spelet annakvart år.
–Eg har sagt det før, men seier det igjen: Det var stort den dagen idrettslaget, indremisjonen, korpset og bedehuset bestemte seg for å samarbeide, på tvers av generasjonar, alder og livssyn, fortel Tunheim. Han har stor tru på at Giskespelet har kraft i seg til å vekse endå meir. Draumen er å kunne skape eit reiselivsprodukt sydd saman av teater, historieformidling og matservering til turistar som kjem på besøk til Giske. Det er slett ikkje umuleg å få til, sjølv om det er krevjande, meiner eldsjela.

Kysthistorie
Det å tilby ein historietime eller to til turistane er Tunheim også kjent med gjennom Godøy kystmuseum. Han har sjølv vore motoren i arbeidet med å byggje opp samlingane som er der. Museet består av den gamle skulen frå 1920, med utstillingar om 2. verdskrig, kvinnearbeid og fiskeri, Oppigardsstova – der det er bygd opp ei losutstilling – og Strandkleivbuda og Fauskenaustet. Den siste tilveksten er ei gamal grindløe, nærmare bestemt Nilsløa.
–Museet eig i tillegg 18 båtar, som er lagra her og rundt om i ulike løer, fortel Tunheim. Han er kjent for sin uvilje mot at gamle, verdifulle ting skal gå tapt, og museet får stadig vekk tilbod om å ta i mot ting som dukkar opp under ryddesjau.
Historieinteressa til Tunheim får òg næring gjennom styreleiarvervet i Stiftinga Sunnmøre Museum, der han har fått vere med på å samle 13 kulturhistoriske museum. Godøy kystmuseum er eitt av dei. Når det gjeld kystmuseet har Tunheim naturleg nok ingen styreverv lenger, men han er dugnadsleiar og leiar for huset.

Helsebringande
Frå byggjefeltet Leitebakk til skulen går det i dag ein samanhengande turveg langsetter fjellfoten. Vegen er i ferd med å strekkje seg endå lenger, vonleg vil den med tida gå heilt til Gjuv. Får idrettslaget og Tunheim det som dei vil, vert det òg lysløype her. Dei godt opptrakka løypene og skispora er klare teikn på at turvegen er kjærkomen. Også for Tunheim.
–Eg fekk ryggprolaps i haust, og vart fortalt at eg måtte belage meg på mange månader som sjukemeldt. Men eg gjekk meg frisk på fem veker, fortel han. Om det var den knallharde skogryddinga i samband med turløypa, som gjorde at ryggen streika, skal ikkje seiast for sikkert, men turløypa viste i alle fall å ha sin helsebringande effekt trass alt.

Fiskeri
Godt kroppsarbeid og testing av praktiske evner er også kjenneteikn på Tunheims undervisingsopplegg ”Det flytande klasserommet Havung”. I tillegg til å jobbe 60 prosent ved fiskerifagleg line ved Ålesund videregående skole, bruker han dei resterande 40 på å lære opp sjetteklassingar i fiskeri.
Læraren tek elevane med på sjøen i båten ”Havung” der elevane sjølve får prøve ut sine praktiske evner og lære meir om feltet. Etter ein dag om bord i det flytande klasserommet, har nokre elevar kan hende fått opp augene for alle ressursane og yrkesmulegheitene som fiskerinæringa byr på.
–Som lærar meiner eg det er viktig at skulen ikkje berre er eit laboratorium, men også ein stad der ein får lære ved gode erfaringar og oppleve det verkeleg livet, seier Tunheim.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%