Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Stiller seg bak hall
Randi H. Longva ,  14.01.10

Under eit ekstraordinært årsmøte i Vigra IL tysdag vart det vedteke at idrettslaget vil gå vidare med planane om ein fleirbrukshall. Dei håper kommunen vil vere med på å realisere prosjektet i løpet av 2011.

Vigra IL har nedsett ei arbeidsgruppe som ser på mulegheitene for å byggje ein fleirbrukshall. Under det ekstraordinære årsmøtet tysdag, der over 80 personar møtte opp, gav medlemmane si støtte til at idrettslaget bør jobbe for å få bygd ein hall på 80 gongar 45 meter på Vigra.

Tilslutning
På møtet gav idrettslaget si tilslutning til prosjektgruppas innstilling om at klubben går inn med eit monaleg beløp i prosjektet, men klubben forventar òg at kommunen stiller opp med midlar. Idrettslaget håper vidare at kommunen kan forplikte seg til å vere med på ei realisering av prosjektet i løpet av 2011.
Føremålet med å byggje ein hall er å skape gode treningsforhold året rundt, samstundes som den kan romme mange aktivitetar som vil kome heile kommunen til nytte.

Rimeleg alternativ
Etter det prosjektleiar Jan Petter Meberg opplyser har idrettslaget stor tru på at den beste løysinga er å gå for ein isolert plasthall. –Prisen på ein slik hall er ein brøkdel av ordinær hall, og har ei forventa levetid på over 30 år, seier Meberg.
–Ein ordinær idrettshall kostar i dag over 30 millionar kroner med tribune og garderobeanlegg. Men om vi konsentrerer oss om å få til treningsflate og byggjer hallen i tilknyting eit bygg som allereie har garderobe og sanitæranlegg, vil vi kunne byggje fire gongar så mykje treningsflate for ein tredjedel av prisen, hevdar Meberg. Han legg til at dersom idrettslaget betaler ein stor del av byggjekostnaden betyr det at Giske kommune kan sleppe unna med ein stor fleirbrukshall til nokre få millionar kroner.
–Dette er god utnytting av kommunens midlar, meiner Meberg. Han legg til at dersom kommunen ikkje finn rom for prosjektet i budsjettet for 2011, vil idrettslaget sjå seg nøydd til å ta eit sjølvstendig initiativ. Dei ønskjer i hovudsak ein hall med litt storleik for å kunne tilfredsstille behovet langt utover berre fotballaktivitetar, men dei må gå for eit mindre og snevrare alternativ viss dei vert ståande åleine om å byggje hall.

Politisk vilje
Fleirbrukshallprosjektet vart framlagt for politiske representantar i Giske kommune i midten av desember. Under budsjettmøtet vart det òg sett av 100.000 kroner til regulering av eit område ved skulen med tanke på idrettshall.
–Sidan vi har sett av pengar til regulering, seier vi jo samstundes at vi ønskjer ein idrettshall. Men vi har ikkje gjort nokon avtalar med idrettslaget eller diskutert kva faktiske løysingar vi eventuelt vil gå inn for. Vi må ta ting i rett rekkjefølgje, og saka skal opp til politisk behandling før vi bestemmer noko som helst, seier ordførar Knut Støbakk til Øy-Blikk. Han opplyser at det ikkje er avsett midlar til finansiering av hall i kommunens økonomiplan fram til 2013.
–Men eg trur det er stor politisk vilje for å få realisert ein idrettshall på Vigra, uttalar ordføraren.
I ”Plan for idrett 2009-2012”, som Giske idrettsråd utarbeidde i samband med kulturplanen for same periode, peikar idrettsrådet på behovet for ein idrettshall på Vigra. ”Idrettsungdommen på Vigra må i for stor grad reise langt for å få tilfredsstillande treningsanlegg vinterstid”, uttalar idrettsrådet.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%