Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Nytt på nett
Randi H. Longva,  14.01.10

Det starta som ein hobby på guterommet. I dag har det utvikla seg til to arbeidsplassar. Og det relativt ferske webdesignfirmaet We Make har allereie hausta mange lovord.

DATAFIRMA: Emil Bonsaksen (28) t.v. og Anthoni Giskegjerde (22), begge frå Giske, driv webdesignfirmaet We Make, med base på Sætra. I tillegg vert tredjemann Christer Austad (29), Valderøya, leigd inn når det er ekstra mykje jobb.
Opphavleg heitte det We make magic, og starta som eit hobbyprosjekt på guterommet til Emil Bonsaksen (28) frå Giske. Bonsaksen bestemte seg for å prøve å gjere eit levebrød ut av det, og skaffa seg kontor i næringsbygget på Sætra, Valderøya, i fjor haust.

Giske eit pluss
We Make lagar det meste innanfor nettbaserte medium, i tillegg til at dei òg kan ta på seg å utforme logoar og lage brosjyrar og plakatar. Bonsaksen fokuserer i hovudsak på design, layout og brukarvenlegheit, medan Anthoni Giskegjerde (22) utviklar det førstemann teiknar opp, og lagar mellom anna funksjonar som gjer at nettsida fungerer saumlaust.
–Vi er mellom anna i gong med å skreddarsy eit webbasert system for The Margarets, som skal gjere det meir lettvint å organisere alle dei frivillige som trengst til eksempelvis Sommerfesten og Jugendfesten. I dag gjer dei alt manuelt, og det er svært tungvint, forklarer karane. Av andre lokale kundar som har nytta seg av deira kompetanse kan nemnast Møre Kontakt og fotograf Rune Molnes; sistnemndes nettsider er under utarbeiding.
We Make har skaffa seg ein del lokale kontaktar, men webdesignfirmaet ser i grunnen på heile verda som ein einaste stor marknad. Dei har allereie fått førespurnader om jobb frå Italia, Russland, Spania, Storbritannia og Frankrike.
–Og det at vi har kontor i Giske kommune ser vi meir på som eit pluss enn ein ulempe, meiner Bonsaksen. Det å ha kontor ti minutt frå ein flyplass og tilgong på natur rett utanfor døra, er noko kundar frå utlandet vil setje pris på, trur han.

Lagt merke til
Både Bonsaksen og Giskegjerde har tru på at dei har kunnskapen og motet som skal til for å sakte, men sikkert byggje opp firmaet og knyte til seg endå fleire tilsette.
Både han og Bonsaksen har tileigna seg det dei kan om webdesign på eiga hand. Gjennom å vere aktive medlemmar av nettsamfunnet Twitter skaffar dei seg kontaktar innan sine fagfelt, som i andre rekkje kan bety jobbtilbod.
–Det skjer heile tida nye ting innanfor webdesignprogrammering, og du må ha ein lidenskap for feltet, og oppdatere deg på nyvinningar og teknikkar, meiner Giskegjerde – sjølverklært nerd.
Til trass for at dei er ferske som bedrift, har We Make allereie rokke å få mange utmerkingar og lovord frå andre i bransjen. Å bli fronta av store webdesigngalleri betyr i beste fall at potensielle kundar legg merke til deg og tek kontakt.
–Vi har ikkje så mykje arbeid i porteføljen vår enno, og difor er det kjekt å få anerkjenningar, meiner Bonsaksen. –Det er heilt fantastisk å kunne ha hobbyen sin som yrke. Men så er vi flinke òg, slår Bonsaksen fast og flirer godt over dagens klapp på skuldra til seg sjølv.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%