 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
Skule opna flest kalenderluker
Randi H. Longva , 17.12.09
Sjølv om det er ei veke til julekvelden, tjuvstarta politikarane feiringa med å dele ut pengegåver i budsjettmøtet tysdag. Skulane i Giske har størst grunn til å vere fornøgde med utdelinga.
|
|
BUDSJETTDEBATT: Den sosialistiske sida uttrykte stor uro for kostnadene ved bygging av omsorgssenter og kor ein skal hente midlar frå til å drifte sjukeheimsplassane om nokre få år. F.v. Roar Dyb-Sandnes (Ap), Ann Christin Kalvø Giske (Sp), Eva Svinø (Ap), Ole Furnes (V), Britt Giske Andersen (V) og Runa Godø Sæther (V).
|
Rådmannen hadde naturleg nok lagt fram eit framlegg til budsjett utan dei store utskeiingane, men partia samla seg til slutt om eit fellesforslag som innebar utvida rammer. Mest til skule Å kalle skulane for budsjettvinnar i Giske, er kan hende å ta hardt i, sidan einingsleiarane samla sett treng om lag fire millionar kroner meir i auka rammer for å kunne oppretthalde tilbodet og imøtekome auka behov. Men dei fekk definitivt nyte godt av eit gåvmildt kommunestyre tysdag kveld. For det første får oppvekst 1,6 millionar kroner meir i auka rammer. For det andre løyvde kommunestyret éin million kroner til EDB-utstyr. For det tredje gjekk 19 av 23 representantar inn for å løyve 150.000 kroner til Godøy skule og 100.000 kroner til Giske skule for å ruste opp uteområda. Skulane nyt òg godt av at kommunen har løyvd 75.000 kroner ekstra for å utvide stillinga til museumspedagogen. I tillegg vedtok politikarane å bruke 100.000 kroner på å regulere tomt ved Vigra skule med sikte på bygging av idrettshall. Barnevern Eininga barn, familie og helse vart òg via merksemd under budsjettdebatten, og eit klart fleirtal vedtok å auke rammene med 300.000 kroner. Fleire oppmoda om at pengane vert nytta til å styrke barnevernstenesta. I kraft av å vere medlem i fylkesnemnda for barnevern, tok Lars Petter Valderhaug (Frp) til orde for å styrke barnevernet også i Giske kommune. –Eg har sett kor forferdelege tilstandane er i fleire kommunar, og det er ingen grunn til å tru at det er betre tilstandar i Giske, sa Valderhaug, og foreslo å auke barnevernet med ei heil stilling. Urolege Sjølv om politikarane var gåvmilde, var det mange som ropte eit varsku om utfordringane som er i vente. Mellom anna ei lånegjeld som vil nærme seg ¾ milliard kroner med investering i barneskule og omsorgssenter. Det var omsorgssenteret Eva Svinø (Ap) viste til då ho tok ordet. –Vi er i ferd med å gjere ei kjempeinvestering, den største nokosinne, og det heilt utan driftsplan. Vi har eit ansvar for å leggje opp drifta til det beste for innbyggjarane, og å byggje så mange som 30 sjukeheimsplassar vil føre til drastiske konsekvensar for mange felt. Kvar skal vi ta pengane til å drifte plassane frå, undra Svinø. Harry Valderhaug (KrF) nekta plent å sjå mørkt på situasjonen. –Eg har så stor tru på regjeringa at eg faktisk er meir sosialistisk enn Arbeidarpartiet sjølv i så måte, og eg set min lit til dei som deler ut gode løfte og pengar, uttalte Valderhaug.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|