Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ei opning det smakar Fole Gøtt av
Randi H. Longva,  10.12.09

Om ei veke vil kaffidufta fylle lokalet i Øysenteret. Dei to kaffielskarane Monica Langvatn og Cecilie Simonsen ønskjer velkomen til lunsj- og kaffibaren Fole Gøtt.

OPNING: Monica Langvatn og Cecilie Simonsen opnar lunsj- og kaffibaren Fole Gøtt på Øysenteret.
Sjølv om ein god del gjenstår før den tidlegare gullsmedverkstaden er gjort om til lunsj- og kaffibar, er dei to innehavarane sikre på å vere klare til opningsdagen. Og det treng ikkje nødvendigvis vere eit kjempesteg frå gullsmed til kaffibar. For kaffi – det kan vel vere gull det òg, meiner Cecilie Simonsen. Som saman med Monica Langvatn frå Vigra opnar dørene til Fole Gøtt torsdag 17. desember.

Catering
Det er berre knappe tre veker sidan ideen om å starte opp kaffibar på Øysenteret vart fødd. Dei har eigentleg vore på jakt etter eigna lokale for å starte opp catering ei tid, og no slår dei likså godt til med båe delar.
–Sidan vi streva litt med å finne lokale her ute, har vi òg vurdert å starte opp i Ålesund, men det er her ute vi ønskjer å satse, fortel Monica Langvatn. Langvatn og Simonsen flytta saman til Godøya for eitt år, og dei ser òg eit stort potensiale å drive næring her ute.
Då dei kom over ledige lokale i delar av det tidlegare Brødrene Roald-bygget, slo dei til. Her skal dei drive catering og utleige av selskapslokale. Dei er klar over at det er fleire som driv med catering i kommunen, men dei trur likevel at det er kundegrunnlag for fleire.
–Kommunen har befolkningsvekst og med gratis tunnelar, meiner vi det er eit godt utgangspunkt. Vi har òg gjort ei undersøking for å kartleggje behovet. Vi føler ikkje at vi vert konkurrentar, men ein tilvekst til den allereie eksisterande marknaden, seier Langvatn. –Vi er på den andre side realistar, og vi veit at vi har ingen garantiar for at det vil gå bra. Men vi trur på produktet vårt, og kjem til å gjere ein stor innsats for å få det til å gå, uttalar Simonsen.

Ein møteplass
Men første satsing for dei to kokkane er å opne kaffibar. Effektive handverkarar har gjort ein kjempejobb for å få lokalet i stand. I tillegg har familie og slekt sett alle klutar til. Kaffimaskinar og anna utstyr er bestilt, og dei kryssar fingrane for at alt kjem i tide. For neste torsdag må dei vere klare til å servere smårettar, kaker og kaffi i det intime lokalet. Dei vil òg plassere nokre sitjegrupper i fellesarealet, der det er fullt muleg for besøkande å setje seg ned, utan at dei skal føle at dei må handle.
Simonsen skyt inn at dei har blitt tekne godt i mot av dei andre på Øysenteret.
–Og vi håper at kaffibaren kan bidra til endå meir tilstrøyming til senteret, seier Langvatn.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%