Viser arkivet for desember, 2011 | ||
Det er ikkje meldt om alvorlege skader i Giske kommune etter at Dagmar herja øyane 1. juledag. Det har likevel gått hardt utover ein del tak, naust og båtar.
– Når det gjeld dei kommunale bygga har det stor sett gått greitt. Det er litt skade på rådhuset, men ikkje noko alvorleg, fortel ordførar Knut Støbakk. Han har ikkje oversikt over andre skader, men han veit at det har vore ein del skader på tak og at det er mykje rotvelt av tre. – Grunnen til at det er så mykje tre som har gått overende i denne stormen er nok at det har vore veldig blautt i marka, meiner Støbakk. Når det gjeld sjukeheimen og bukollektiva har det også gått greit. Straumen har vore tidvis borte, men det vart sett inn mobile aggregat til å avhjelpa situasjonen. Ekstrapersonell har vore i sving i heimetenestene for å halde situasjonen under kontroll. Ei tid var Giskebrua stengd og då straumen gjekk verka ikkje tryggleiksalarmane, derfor var det naudsynt med ekstra tilsyn.
Aktsemd
Orføraren ber folk vere forsiktige når dei skal rydde opp. Tre som står i spenn kan vere skummelt.
– Eg må berre be folk vise aktsemd, og også sjekke at det ikkje ligg lause takheller, seier han. Teknisk eining har vore i beredskap heile tida medan det stod på som verst. Dersom det oppstår alvorlege problem er kriseleiinga ved ordføraren muleg å få tak i på mobilnr. 95107579 og teknisk har vakttelefon: 90018425.
Forsikring
Forsikringsselskapa melder om stor telefontrafikk etter stormen. Totalt er det meldt om 650 bygningsskader frå heile landet og rundt 50 båt og bilskader så langt.
– Her kokar det. Vi får rundt 100 telefonar inn i timen og vi må be om forståing for at dette kan ta noko tid. Vi har ikkje oversikt over skadeomfanget i Giske kommune så langt. Vi har kalt inn ekstra folk frå juleferie og vi jobbar nesten døgnet rundt, seier Arne Vold i Gjensidige. Han seier at det er viktig å melde skaden så fort som muleg og også å dokumentere med bilde dersom det er nødvendig å rydde opp før ein takstmann kan kome til staden.
Dei nye skissene for barneskulen på Valderøya viser ein prislapp på skulen som er godt over 100 millionar høgare enn det kommunen har sett av i økonomiplanen. Utsetjing er likevel ikkje løysinga meiner representantar frå FAU.
Les meir…
Ein person er køyrt til sjukehus med nakke- og skulderskader etter ein kollisjon mellom to bilar på Valderøya ved 07-tida i dag tidleg. To andre som var involvert i ulykka vart køyrt til legevakta for undersøking. Politiet opplyser at ulykka skjedde like ved Mulelidkaia, eine bilen har fått skrens og kome over i feil køyrefelt der den kolliderte med møtande bil. Det var snøslaps og sleip køyrebane på staden. Saka blir etterforska av politiet i Ålesund og Giske.